Sollen og Jan er grunnleggarane av Herøy kystcamp. Det er dei vi kan takke for at vi har denne fantastiske plassen som vi kan fortsette å dele med “gamle” og nye turistar. Det er mange som i løpet av deira år som drivarar av Herøy kystcamp har knytt sterke band og blitt glad i denne perla midt i Leinevika. Her har dei varmt teke imot mange gjestar og knytt nære vennskapsband. Heldigvis er dei ikkje langt unna og vil nok være innom ein heil del. Vi som no tek over etter dei håpar vi kan ta imot våre gjestar på ein like god måte. Her er litt bileter frå Herøy kystcamp si historie.
Stine og Jørn Sundnes | Lisjeheida 5 6091 Fosnavåg | Herøy kystcamp / Kysthytter | Leinevegen 59 6094 Leinøy
N 62 °20.428 – E 5 °41.463
Mobil: Stine (0047)90011799 Jørn (0047)92893939