Langtidsutleie til bedrifter

Vi har på haust, vinter og vår husa mange fornøgde arbeidarar. Vi er fleksible og strekker oss langt for å tilfredstille dei forskjellige bedriftene sine behov.

Hyttene inneheld to soverom med to enkle senger på kvart rom, bad med dusj, stue med TV, fullt utstyrt kjøkken, wifi og tilgang til vaskerom etter avtale.

Vi har plass til fire personar i kvar hytte. Ved lengre opphold foretrekk dei fleste å bu på enerom, då er det heilt perfekt med to på kvar hytte.

Reiser arbeidarane heim i helgene? behald hytta og få redusert pris. God plass til parkering av fleire bilar og utstyr på området. Treng dykk vask og nye sengkle? Vi skreddersyr ei løysing som passar di bedrift.

Ta kontakt for eit godt tilbod.