Med storhavet som nærmaste nabo, midt mellom Fosnavåg og Runde ligg Herøy kystcamp.

Fosnavåg

Herøy kystcamp er eit glimrande utgangspunkt for shopping og kafebesøk i Fosnavåg. Folk kjem ofte longvegs ifrå for å få tak i noko spesielt i ein av fleire ulike nisjebutikkar i vår koselige kystby. Byen vår har eit flott nytt hotell og konserthus.

Kanskje du vil ta familien med på besøk til Sunnmørsbadet? Eit badeanlegg som sto ferdig i 2015  med 6400 kvadratmeter fordelt på fem basseng, stupetårn og action, velvere og avslapping.

Runde

Det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia. Millionar av sjøfugl har hekkeplassen sin her. På grunn av særpreget sitt er øya freda, men daglege omvisningsturar med båt rundt fuglefjellet, guida fotturar og lett tilkomst til fots på merka stiar, gir høve til å oppleve det yrande fuglelivet på nært hald. Her kan du sjå koloniar av lundefugl, lomvi, havsuler og alke, til saman 200 artar, blant dei også den praktfulle havørna.