Julestemning på Heid tursti

Klart at Fosnavåg har sitt eige byfjell! Med grusa turstiar, flotte utsiktspunkt, gapahukar og utandørs treningsapparat har Heid tursti blitt ein populær plass for store og små. Dette er ein tur for alle. No i desember er det nesten magisk når julestjerna frå tverrfjellet lyser utover byen vår, tek du med deg peparkaker og gløgg er du iallfall garantert julestemning.

Stien startar ved kulturhuset og «monsterbakken» som sannsynlegvis har forbetra kondisjonen til mange Fosnavågarar betrakteleg. Du kan også velge å starte turen ved Bergsøy Skule «Borga» eller ved fotballbana på Heid.

Alle vegane tek deg opp til Tverrfjellet eller til stien som går vidare til Hornseten (190 moh).

Denne turen ligg 5 minutt køyring frå Herøy Kystcamp – kysthytter og frå Hornseten vil du ha utsikt tilbake til hyttene, samt til Rundebranden og alle øyane rundt.

Siste tida har den flinke dugnadsgjengen i Heida Vel sett på plass flotte nye trimapparat langs løypa. Reknar med at til sommaren har dei allereie spreke Fosnavågarane også blitt betydeleg meir muskuløse…

Diverse foto frå arkivet:

 

Foto: Hovudbiletet øverst er tatt av Mariann Skorpen Berge