Runde fyr

 

Runde fyr ligg på Kvalneset på nordvestspissen av den kjente fugleøya Runde. For å kome dit må du gå opp på fjellet frå Goksøyra, samme veg som til fuglefjellet og ned igjen til fyret. Stien er godt merka, det er fleire ruter du kan velge for å kome dit. Siste åra er det gjort mykje arbeid på stien, det er lagt steinheller og tredekke på store delar av stien ned til fyret.I år har eg hatt meg to turar hit. Ein nydelig formiddagstur på våren og ein hausttur med ein gjeng 12-åringar som skulle overnatte på fyret. Tenk å ha lærarar som tek dei med på slikt!!!

Kven som helst kan overnatte her då turistforeninga har DNT hytte her. sjå https://www.ut.no/hytte/3.2165/

For å kome til Runde er det berre å følge vegen vidare forbi Herøy kystcamp i ca 15 min. (14km).

Det er tett mellom perlene i Herøy 🙂