Fjell og fjøre i Kvalsvika

Kvalsvika er ei bygd som ligg ca 12 km frå Herøy kystcamp. Det er i Kvalsvika du finn den flotte badestranda Mulevika. Det var ikkje dit turen gjekk i dag, men til to av dei fire toppane her ute. Børa og Okla, ein kjekk tur for både store og små. Som oftast har det vore Muletua og Barmen vi har gått på, men forandring fryder. Vi avslutta med sjokolade og litt fjøreleiking på Golleneset. Ein fin fin langfredag, God Påske vidare.