Ut på tur med havkajakk

Herøy kystcamp er eit perfekt utgangspunkt for padleturar blant holmar og skjær på Sunnmørskysten. Ynskjer du idylliske turar innanskjærs eller lokkar ein tur rundt øyane yst ute mot storhavet? På vår forrige padletur til Herøy Gard flaug ei havørn nyskjerrig over oss så nær at vi kjende lufttrykket frå vingeslaga. Det er verkeleg fantastisk når ein får naturen så tett innpå, eg kjenner meg aldri så nær havet som når eg er ute å padlar. Padle kan ein gjere her året rundt, denne hausten og vinteren har hatt mange flotte dagar med blikkstille hav.